Ku‑Lokk
Language:
Norwegian (Nynorsk)
Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Her sviv me no glade um Sumars Tid;
i Fjelle finn me dei finaste Straa;
i Dalen strøymer den stride Aa.
Og Vinden stryker so ljuv og linn
som signande Sus fraa den klaare Tind.
Aa Kyri mi gode, aa Kyri mi!
Her skal du vel trivast i grøne Li;
her sildrar Kjelda med Surl og Skval,
og Grase er mjukt og Skuggen sval.
Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt;
der gjæter Huldri kvar einaste Nott.
Aa Kyri mi snilde, aa Kyri mi,
aa hav det no godt denne vesle Ri!
Eg Ormen skal jaga, som bit din Legg,
og Fluge og My, og stingande Klegg.
Og Dagen skal gaa som den lette Vals,
og vil du kvila, eg klaar din Hals.
So lyer dei etter ditt Klokkespel,
naar heim me stundar ved Solegladsbél;
daa kjem du so god med ditt fulle Jur
og slikkar ditt Salt framved Kjøken-Mur.
So vert du mjølka og gjeng i Kve
og jortar og drøymer og søv i fred.
Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Drøym godt um meg og den grøne Li!
Der sullar me sæle den Sumar lang;
til Hausten skal me paa Heimevang.
Daa kjem du til Gards som ei Dronning du,
og alle ropar: aa nei, for Ku!
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Date added to the website: 2008-08-21.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Ku-Lokk, Lokk,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Ku-Lokk, Lokk,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Ku-Lokk, Lokk,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Ku-Lokk, Lokk,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|