Ved Gjætle‑Bekken
Language:
Norwegian (Nynorsk)
Du surlande Bekk,
du kurlande Bekk,
her ligg du og kosar deg varm og klår.
Og sprytar deg rein
og glid [yvi]1 Stein,
og sullar so godt
og mullar so smått
og glitrar i Soli med mjuke Bår'.
- Å, her vil eg [kvile, kvile]2.
Du tiklande Bekk,
du siklande Bekk,
her gjeng du so glad i den ljose [Lid]3.
Med Klunk og med Klukk,
med Song og med Sukk,
med Sus og med Dus
gjennom lauvbygt Hus,
med underlegt Svall og med Svæving blid.
- Å, her vil eg drøyma, drøyma.
Du hullande Bekk,
du sullande Bekk,
her fekk du Seng under Mosen mjuk.
Her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store Fred
med Svaling for Hugsott og Lengting sjuk.
- Å, her vil eg minnast, minnast.
Du vildrande Bekk,
du sildrande Bekk,
kva tenkte du alt på din lange Veg?
Gjennom aude Rom?
millom Busk og Blom?
Når i Jord du smatt,
når du fann deg att?
Tru nokon du såg so eismal som eg?
- Å, her vil eg gløyma, gløyma.
Du tislande Bekk,
du rislande Bekk,
du leikar i Lund, du sullar i Ro.
Og smiler mot Sol
og lær i dit Skjol,
og vandrar so langt
og lærer so mangt,
å syng kje um det, som eg tenkjer no.
- Å, lat meg få blunda, blunda!
View text without footnotes
1 Grieg: "yver"
2 Grieg: "kvila, kvila"
3 Grieg: "Lid"
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Available translations (or transliterations, if applicable):
Added to the website between May 1995 and September 2003.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Ved Gjætle-Bekken,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Ved Gjætle-Bekken,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Ved Gjætle-Bekken,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Ved Gjætle-Bekken,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|