Det syng
Language:
Norwegian (Nynorsk)
Å veit du den Draum, og veit du den Song,
so vil du Tonane gøyme;
og gilja det for deg so mang ein Gong,
rett aldri so kann du det gløyme.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu;
i Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu.
Du skal ikkje fæle den svale Nott,
då Røtane gror ned i Jordi;
du såg i Draumen det Måne-Slott
og høyrde dei Leikar-Ordi.
Det frævest i Blund,
det grønkar i Lund,
og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund.
Du skal ikkje fæle den mjuke Nott,
då Draumen slær ut sine Vengir
i linnare Ljos enn Dagen hev ått
og Tonar frå stillare Strengir.
Det voggar um [Lid]1,
det svævest av Strid,
og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid.
Du skal ikkje fæle den djupe Nott,
som søv under svivande Eimar
og ser gjenom Gru og ser gjenom grått
langt inn i dei draumhulde Heimar
og voggar deg linn
og lullar deg inn
frå Dagen den trøytte, av Soli blind.
Du skal ikkje ræddast den Elskhug vill,
som syndar og græt og gløymer;
hans Famn er heit og hans Hug er mild,
og Bjørnen arge han tøymer.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu;
i Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu.
View text without footnotes
1 Grieg: "Li"
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Available translations (or transliterations, if applicable):
Added to the website between May 1995 and September 2003.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Det syng,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Det syng,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Det syng,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Det syng,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|