The Lied and Art Song Texts Page

Gøym meg mor

Language: Norwegian (Nynorsk)

Smaaguten kviler ved Mor sin Barm,
der er han so urædd og held seg so varm.
Og sidan han leikar paa Golv og Tun.
-- So byrjar Tora aa slaa yver Brun,
og Rædsla kryp han nedyver Rygg.
Daa spring han til Mor og vil kjenna seg trygg:
"Mor, Mor, gøym meg, Mor!"

Og Menneskja vankar so vida ikring,
og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.
Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøytt,
og allting er freista og allting er nøytt,
so ligg ho og maurar og veit ikkje meir
enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir:
"Mor, Mor, gøym meg, Jord!"

Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann,
og mykje eg vanta, og lite eg vann.
Eg vanka og flutte paa villande Fot,
og jamnast so bar meg no Vegen imot.
Og no er eg trøytt, og eg stundar til Natt,
og berre ein einaste Sukk eg hev att:
"Mor, Mor, gøym meg, Mor!"


Authorship

Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)

Date added to the website: 2009-09-13.

Search/Shop for

Sheet music:

 * Search sheetmusicplus.com for Gøym meg mor, Art song , Lieder, chansons, or works for solo voice
 * Search musicroom.com for Gøym meg mor, vocal/choral music

CDs:

 * Search amazon.com for Gøym meg mor, art song, Lieder, or chansons
 * Search amazon.ca for Gøym meg mor, art song, Lieder, or chansons

Books:

 * The Art of the Song Recital [amazon.com]
 * The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
 * Search amazon.com for art song, Lieder, or chansons
 * Search amazon.ca for art song, lieder, or chansons