Dømd
Language:
Norwegian (Nynorsk)
Det kveldar um Haust yver laage Land.
Eit Havbrak vaknar ved Nordan-Strand.
Blaakalde Skyer kviler i Vest.
Dagens Auga sloknar og brest.
Myrane søv under Taake-Feld.
Aasus varslar i stille Kveld.
Trolldom lurer i Jordslags Eim; -
Veslemøy hastar med Smalen heim.
*
Men nede paa Bøen, ved Elvestrand
saag ho ein underleg gamall Mann.
Knebrok had' han og Kufte sid;
høyrde kje heime i denne Tid.
Daa fekk ho so hjarteleg vond ein Kvekk;
ho kunde kje koma av tverran Flekk.
Men Mannen tusla paa Elvebard
der attum den eldgamle Skiftesgard.
Tusla og stræva forutan Ro;
sleit og lyfte, men Garden stod.
Lyfte og sleit utan Ro og Rast;
men Steinane laag som i Muren fast.
Daa skreik han og grét av Barmen trong,
Skreik og grét, til det vart som Song.
*
Eg hev som vigde Mammons Træl
for vesal Vinning selt mi Sjæl;
for dette arme Stykkje Jord
eg fraa meg Fred og Frelse svor.
No finn eg aldri Heim og Hamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!
Den ut er dømd or Himmelrik'
som her i Verdi gjorde Svik;
han miste Ord, han miste Tru
og kan kje millom Vener bu.
No veglaus driv min brotne Stamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!
Eg gjekk som ærelause Svein
og flutte denne Deildestein;
eg braut mitt Ord, eg braut mi Tru
og kan kje millom Vener bu.
Eg finn kje Fred og Faderfamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Date added to the website: 2008-08-21.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Dømd,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Dømd,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Dømd,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Dømd,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|