Veslemøy ved Rokken
Language:
Norwegian (Nynorsk)
D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyr mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekke-Pute
han gamle Mons i ro.
Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og seier ingen Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.
Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløer inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mêl.
*
Skal vita kvar du vankar
i blide Draumar no?
Kan henda dine Tankar
seg svæver linnt til Ro
i gamal Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den Tid, du var Prins?
Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yver Herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri
so vide under Øy.
Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.
Sidan so vidt han flakkar
igjenom Skog og Skar,
langt yver Berg og Bakkar
og kjem til okkons Gard.
Her kan i ro han døy.
Her vil han kvila, Stakkar,
og tenkja paa den Møy.
Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
u Mons paa Sekke-Pute
skal drøyma lognt i Ro.
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Date added to the website: 2008-08-21.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Veslemøy ved Rokken,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Veslemøy ved Rokken,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Veslemøy ved Rokken,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Veslemøy ved Rokken,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|