Noregs Dag
Language:
Norwegian (Bokmål)
Sjå no er det Dag, og no er det Tid,
og Dagen er Noregs Dag.
No trengst det, at kvar den Neve, her bid,
kjem med i vårt Yrke-Lag.
For no er det just, at Noreg hev Vår,
og no er det Stund, vår Aaker me sår
og rydjer oss ny med Grev og med Plog
i Livd utav Fjell og Skog.
Me rota og grov - det vanta kje på -
so tidt i vårt Noregs Grunn.
Men ofta so reint me gløymde å så;
og Hausten vart heller tunn.
For Tistel her vaks, og Brennegras vaks,
- og gjerna det so vart minder med Aks.
Men no lyt me til, som Grunnen er verd,
å onna på onnor Gjerd.
Me hegnar vår Heim mot Hat og mot Hogg,
so sår me med Dåd og Ord.
Og Himlen gjev Sol, og Himlen gjev Dogg,
og Livet i Noreg gror.
Og Vår skal her gro mot Sumaren inn,
og Truskap skal gro i Hjarta og Sinn!
Og so er det Von, at Noreg det får
seg eingong eit fagna År.
Me fann oss vårt Land, me bygde vårt Land,
og Landet fekk Noregs Namn.
Og rett som det var, so sveik me vårt Land
og gav det i framand Famn.
Men endå det vart då laga som so,
at Nordmenn dei eig sitt Noreg enno.
- Vårt Noreg, dei hev kje Råd, dine Menn,
å svika deg eingong enn.
Og kjem du i Naud, me fylkar oss tett,
me ringar med Vakt ditt Hov.
Me lyfter ditt Flag, me verjer din Rett,
og ingen me spør um Lov.
Og um du då og skal sjå oss som Lik,
rett aldri so skal du sjå oss i Svik!
Det lovar me her på Æra og Tru;
og Vitne er Gud og du!
Authorship
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text),
listed by composer (not necessarily exhaustive)
Date added to the website: 2008-07-01.
| Gentle Reminder |
This project is not funded.
If you found
the information here useful,
please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated!
- Emily
I also have a wishlist at Amazon.ca.
|
|
Search/Shop for
Sheet music:
Search sheetmusicplus.com for
Noregs Dag,
Art song ,
Lieder,
chansons, or works for solo voice
Search musicroom.com for
Noregs Dag,
vocal/choral music
CDs:
Search amazon.com for
Noregs Dag,
art song,
Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
Noregs Dag,
art song,
Lieder, or
chansons
Books:
The Art of the Song Recital [amazon.com]
The Book of Lieder: The Original Texts of Over 1000 Songs [amazon.com]
Search amazon.com for
art song, Lieder, or
chansons
Search amazon.ca for
art song,
lieder, or
chansons
|